Min visjon er å vere ein initiator, ein gnist og ein inspirator som tenner og igangsetter ditt unike og sterke lys! På den måten blir vi eit kompletterende nettverk av klåre lys som alle skinner i unike fargar, og lysar opp verda med autentisk kjærleik, glede og fred!
OM MEG
Eg er ein intuitiv, vis, leiken, eigenrådig, rar og trygg sjel som elsker å gå i djupet av livet med ein lettheit og open nysgjerrighet. Ein livseksperimentar som hentar inspirasjon frå Moder Jord og lever i Kjærleiken og som elsker stilleika.
Sjølv er eg godt kjend med livets prosessar og har i store delar av mitt levde liv vore fastlåst i mørke med depresjon, meiningslaushet, einsemde, sjølvhat og djup skam. Med den erfaringa har eg verkeleg fått oppleve kontrastane som livet innehar og igjenfunne og integrert min sterke livsgnist og glede for å verkeleg leve.
Gjennom heile mitt liv har mine intuitive evner, sensitivitet, visdom og klarheit vore med meg i møte med mennesker og i mitt personlege liv. Eg har frå tidleg av kultivert og tatt i bruk mine naturlege ressursar i mange aspekt, og gjennom lang erfaring er eg her i dag der konseptet får tre fram og eg får tilby alt eg har å gi til verda.
SOULSHNE er ein forlenging av mi sjel ut i verda og omfavnar livets reise i sin heilskap - lys og mørke i skjønn symfoni der vi er eventyrarar i vår eiga røynd.
Denne særeigenheiten som den enkelte innehar og menneskets eigenarta lys er noko som initierer min lidenskap. Det å sjå at auga blir fyld opp med lys og kroppen vaknar til live - det er noko av det sterkaste eg veit om.
EG VIL AT DU VERKELEG ER DEG OG KJENNER DITT EIGA KRAFTFULLE LYS.
Min akademiske bakgrunn består av pedagogikk, personleg trenar, sjukepleiar og no master i helsefremjande arbeid og helsepsykologi. Eg har alltid vore særs interessert i heilskapleg helse, mennesket og sjølvutfoldelse, som gjenspeglar både dei varierte utdanningsvala og arbeidserfaringene mine.
Masteren eg skriv omhandlar nokon av dei tematikka eg finn mest spennande for augneblinken: kreativitet, skam og positiv identitetsutvikling. I prosjektet forskar eg på korleis kreativitet opplevast som ein komponent i fremjing av prosessen med å forme og utvikle ein positiv identitet hjå mennsker som har erfart internalisert skam.
No veit du litt om meg… Så; kven er du?
xoxo Silje
Generator 3/5, Tvilling, Enneagrammet 4 & Wise Woman
Det starta ute i havgapet med vind i håret, regn i ansiktet og solnedgangens fargar i auga - eg ville dele den natulege, ibuande leiken som berre du finn i sjelas frie uttrykk.
OM DU ØNSKJER Å BOOKE EIN AV MINE TENESTER ELLER HAR SPØRSMÅL - GJERNE SEND MEG EIN MAIL ELLER SJEKK MEG UT PÅ INSTAGRAM @soulshinebysilje.